Då me har gått inn i kjeda Økonor frå 01.01.2006 vil ikkje denne sida verte oppdatert lenger. For meir informasjon om kontoret gå inn på Økonor sine heimesdier:
www.okonor.no
Kort om selskapet Selskapet ØkonomiSenteret Voss AS vart stifta 01.01.2002 og tilbyr økonomiske og adminstrative tenester.
Me er 14 tilsette og held til i 2.etasje i Vangsgata 29.
Frå 01.01.2006 vil Økonomisenteret Voss AS være tilknytt Økonor-kjeda og verta marknadsført under namnet Økonor Voss.
Bakgrunnen for at me har valt å knytte oss til ei kjede er fyrst og fremst behovet for eit større fagleg nettverk. Me får mogelegheita til å utnytta kjedas kompetanse og stordriftsavtalar, samtidig som me beheld vårt lokale eigarskap. Dette vil igjen koma deg som kunde til gode, då me kan gi deg eit endå betre servicetilbod og samtidig yte best mogeleg fagleg støtte.
Vårt mål er framleis å være ein god samtalepartnar for våre kundar og støttespelar for næringslivet i regionen.
Økonor er Noregs nest største rekneskaps- og rådgjevingskjede, med 47 kontorstader. Tilsamen så har kjeda meir enn 500 tilsette som arbeider med rekneskap og økonomisk/administrativ rådgjeving for meir enn 8000 kundar. Ytterligare informasjon om Økonor finn de på www.okonor.no
Har du spørsmål kontakt oss gjerne
|